Aldersheim

Aldersheim er eit heildøgnstilbod som vert tilbydd personar som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å utføra dagleglivets gjeremål. I aldersheim kan ein tilby korttidsopphald eller langtidsplass. Aldersheim har ein noko lågare bemanning enn sjukeheim, og egnar seg ikkje for personar med omfattande hjelpebehov.

Kriterium og vilkår

Plass i aldersheim er for personar som er helt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål og der heimetenesta ikkje kan kompensera for funksjonstap. Aldersheim kan då vera det tiltaket som best kan ivareta behovet for tilsyn og bistand. Alle andre aktuelle hjelpetiltak skal vera vurdert og/eller prøvd ut utan særleg effekt før plass i aldersheim vert tildelt.

Pris

Det er eigenbetaling for tenesta i samsvar med Forskrift for eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester

Prisliste for kommunale satsar

Forskrift for eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester

Kontakt Tildelingskontoret

Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Telefon: 56 52 13 00