Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som er regulert av Pasient - og brukerrettighetsloven §3-1 Pasienten og brukerens rett til medvirkning.

Alle som søkjer og mottek kommunale helse- og omsorgstenester har rett til å medverka gjennom å verta høyrde og tekne med i utforming og gjennomføring av tenestetilbodet. Brukarmedverknad er eit verkemiddel på fleire nivå; brukarmedverknad kan bidra til at generelle og individuelle tilbod vert meir treffsikre i utforming og gjennomføring. Den som søkjer hjelp vil ha styring over viktige avgjersler i eige liv, og ta imot hjelp på eigne premissar og verta anerkjent og respektert.