Førebyggjande heimebesøk

Voss kommune tilbyr førebyggjande heimebesøk til eldre. Føremålet er å ha ein heilskapleg tilnærming som fremmar individuell livskvalitet, og eige helse- og funksjonsnivå. Ein legg vekt på å styrkja trivsel, tryggleik og helse, og i tillegg førebyggja helseskadar i heimen. Det blir gjeve informasjon om tenester og tilbod som finnest i kommunen, både i offentleg og privat regi. Samtale rundt tryggleik i heimen, fysisk aktivitet, ernæring, fysisk, psykisk og sosial helse.

Tilbodet gjeld eldre personar som ikkje allereie mottek tenester frå kommunen si pleie- og omsorgsteneste. Alle vil få eit tilbod om heimebesøk det året dei fyller 80 år. Innbyggjarar over 75 år kan sjølve ta kontakt om dei ynskjer eit besøk. Det er heimetenesta som sender ut informasjon.

Kontakt Tildelingskontoret

Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Telefon: 56 52 13 00