Forventningar til søkjar/brukar

  • Skaffa til veges nødvendige opplysningar og/eller fullmakt for innhenting av opplysningar som er relevante for tildeling og utføring av tenester
  • Gjera seg kjent med innhaldet i vedtaket
  • Tenestemottakar må samarbeida om tilrettelegging av bustad når det trengst
  • Dersom det er husdyr i heimen, skal det sikrast at desse ikkje er til sjenanse for tenesteytar
  • Om det vert røykt i heimen, skal det sikrast god utlufting før tilsette kjem
  • Pliktar å gje beskjed om endring av behov til tildelingskontoret eller tenesteytar utan ugrunna opphald
  • Avbestilling av middag må skje etter opplysningar gjevne i vedtak. Det vert fakturert for middag som ikkje er avbestilt innan fristen
  • Brukar må vera i heimen når tenesteytar utfører praktisk bistand. Det må meldast frå seinast dagen før dersom brukar skal reise vekk
  • Brukar må ha nødvendig utstyr som skal nyttast til utføring av arbeidsopgåver
  • Gje beskjed snarast mogeleg dersom det oppstår akutte situasjonar som gjer at brukar ikkje kan ta i mot hjelpa
  • Brukar må sjølv betala for skade på kommunalt leigd utstyr som skuldast aktløyse