Praktisk bistand til daglege gjeremål (heimehjelp og miljøarbeid)

Du har rett på hjelp til nødvendige, praktiske gjeremål i heimen dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje er i stand til å utføra slike oppgåver sjølv.

Du kan få hjelp til daglegdagse gjeremål som reingjering og klesvask. Du vil også kunna få rettleiing og hjelp til å finna løysingar som gjer deg mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet.

Miljøarbeid omfattar opplæring og rettleiing til personar med nedsett funksjonsevne. Miljøarbeid er opplæring og rettleiing i dagleglivet sine gjeremål og sosiale ferdigheiter. Tenesta skal fremma læring, meistring og auka sjølvstende. Hjelp skal tilpassast i samarbeid med tenestemottakar/brukarrepresentant og skal vurderast fortløpande.

Tenestemottakar er over 18 år og bur i eigen bustad.

Kriteria:

  • Medisinsk diagnose
  • Opplæringspotensial
  • Evne til eigenomsorg
  • Eigeninnsats frå tenestemottakar

Generelle retningslinjer for tildeling:

Gjennom råd og rettleiing og med utgangspunkt i tenestemottakar sine behov, skal ulike løysingar verta vurdert. Det skal fokuserast på kva tenestemottakar kan gjera sjølv, kva pårørande/nettverket kan gjera, dagsenter, frivillige og liknande.

Det skal sikrast at den som mottek tenestene skal vera mest mogeleg sjølvstendig for å kunne bu i eigen bustad så lenge som mogeleg.

Søknadsprosessen

All tildeling av tenester vert gjort etter kartlegging av søkjar sitt funksjonsnivå og ei individuell og tverrfagleg vurdering. Prosessen kan skildrast slik:

Skriva søknad

Søkjar er tenestemottakar og søkjer om dei tenestene det er behov for. Dersom brukar ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for brukar. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknaden. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om dine behov for tenester, så langt det let seg gjera. Dersom du treng hjelp, kan du ta kontakt med Tildelingskontoret.

Søknad skal sendast pr. post til:

Tildelingskontoret
v/Voss sjukeheim
Sjukeheimsvegen 15
5704 Voss

Tlf: 56 52 13 00

Link til søknadsskjema (pdf)

pdfLink til fullmaktsskjema (pdf)

Sakshandsaming

Tildelingskontoret skal vurdera alle innkomne søknadar fortløpande. Me vil kontakta deg så raskt som mogleg og seinast innan 4 veker. Sakshandsamar hentar inn relevante opplysningar for å vurdera søknaden. Dersom saka ikkje vert avgjort innan 4 veker, får du skriftleg melding om årsaka til dette, i tillegg til kva tid du kan forvente å få eit vedtak.

Individuell vurdering

Søkjar vil bli individuelt vurdert og sakshandsamar vil greia ut om kva som er det rette tenestetilbodet. Søkjar sine eigne ressursar og aktiv deltaking vil verta avklart i høve behovet for hjelp.

Vedtak

Alle vedtak om hjelp gjeld for ein tidsperiode og skal evaluerast. Vedtaket skildrar kva hjelp søkjar vil få, og i kva omfang. Dersom søkjar får vedtak om avslag eller mindre hjelp enn søkt om, skal dette grunngjevast og brukar kan klaga på vedtaket.

Klage

Du kan klaga til Tildelingskontoret innan 4 veker etter at du får vedtaket. Klagen må vera skriftleg og sendast til Tildelingskontoret. Du kan ta kontakt med Tildelingskontoret dersom du treng rettleiing. Dersom Tildelingskontoret opprettheld si avgjersle, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen (lovpålagte tenester) eller kommunal klagenemnd (ikkje lovpålagte tenester). Klageinstansen avgjer då om klagen blir tatt til fylgje. Du kan også klaga på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal sendast direkte til leiar for heimetenesta i det aktuelle området.

Kriterium og vilkår

Dersom du får tildelt tenester, vil me saman med deg avklara kva heimehjelpa skal hjelpe deg med.

Pris

Tenesta er betalingspliktig etter gjeldande kommunale satsar.
Prisliste for kommunale satsar

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester

Kontakt Tildelingskontoret

Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Telefon: 56 52 13 00