Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod om intensiv kvardagstrening, tilrettelegging og støtte til meistring av daglege aktivitetar for heimebuande som har begynnande hjelpebehov, eller behov for rehabilitering. Dette passar for dei som har hatt eit fall i funksjon og har fått problem med kvardagslege aktivitetar, og som ynskjer å trena seg opp til å meistra desse igjen.

Tenesta vert gjeven av eit tverrfagleg team med fysioterapeut, ergoterapeut og heimetenesta. Teamet gjer ei systematisk kartlegging over viktige aktivitetar som du ynskjer å meistra.

I samråd vil det utarbeidast mål for kva ein synest er viktig i kvardagen, og ein treningsplan som ein skal nytta i heimen. Ein jobbar tett saman i ein avtalt periode på inntil 8 veker. Det vil vera evaluering og justering av mål undervegs.

Kriterium og vilkår

Det er krav om eigeninnsats for å motta kvardagsrehabilitering, og ein må vera motivert og innstilt på å gjera ein innsats for å vinna att det ein tidlegare meistra.

Føremålet med tenesta er å bidra til at innbyggjarar skal klara seg best mogeleg i eige liv. Intensiteten i kvardagstrening vil difor avta i takt med betring i funksjon.

Pris

Tenesta er gratis.

Om søknadsprosessen

Om søknadsprosessen

(Manglar: link til søknadsprosessen)

Lover og retningslinjer

Tilbodet er ikkje lovpålagt.

Kontakt Tildelingskontoret

Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Telefon: 56 52 13 00