Langtidsopphald i sjukeheim

Opphald utan sluttdato / tidsubegrensa opphald der brukaren sin helsetilstand og behov for helse- og omsorgstenester gjer at det ikkje er sannsynleg at vedkomande flyttar heim eller får tilbod om lågare grad av helse- og omsorgstenester.

Vurderingsliste

Kommunen si oversikt over brukarar som etter søknad har fått vedtak om at dei er kvalifisert til langtidsopphald, men som med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av opphald. Vurderingslista er ikkje eit kø system, og plass på vurderingslista gjev ikkje fyrsterett til ledig plass på sjukeheim.

Bustad særskild tilrettelagt for heildøgns tenester

Bustad der det vert gitt døgnkontinuerleg teneste på eit nivå som kan samanliknast med tilbod i sjukeheim. Tjeneste vert ytt etter individuell vurdering av behov i enkeltvedtak om tenester.

Hovudkriteriet er at langtidsopphald i sjukeheim vert tildelt personar med behov for døgnkontinuerleg oppfylging av medisinsk behandling og/eller pleie og omsorg, tilsyn og som er varig ute av stand til å ivareta nødvendig eigenomsorg. Grundig kartlegging og vurdering må utførast for å koma fram til om langtidsopphald er rett omsorgsnivå for den enkelte. Lågast effektive omsorgsnivå (LEON)/ beste effektive omsorgsnivå (BEON) vert nytta som prinsipp ved tildeling av tenester og tiltak i omsorgstrappa. Vurdering av behovet for helsehjelp skjer via kartleggingsverktøyet IPLOS, som er eit lovpålagt helseregister med data som skildrar bistandsbehov og ressursar til dei som søkjer eller mottek kommunale helse- og omsorgstenester.

Føresetnadar

  • Alle andre alternative tenester er vorte vurdert og/eller prøvd utan noko særleg effekt. 
  • Brukar med somatisk helsesvikt og/eller demensdiagnose som har behov for omfattande medisinsk behandling som ikkje kan ytast i heimen.
  • Brukar med omfattande døgnkontinuerleg behov for pleie og omsorg, som ikkje kan verta oppfylt tilstrekkeleg i eigen heim eller annan tilpassa bustad.
  • Brukar som er varig ute av stand til å ivareta eiga helse og å meistra dagleglivet sine gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap.

Kriterium og vilkår

Langtidsopphald i sjukeheim kan etter fagleg vurdering tildelast på grunnlag av fylgjande kriterium: Personen er ute av stand til å ta vare på seg sjølv og kan ikkje meistra dagleglivet sine gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap. Det føreligg ikkje sosialt nettverk eller offentlig hjelp som kan kompensera for dette funksjonstapet i eigen heim.

Pris

Det er eigenbetaling for tenesta i samsvar med Forskrift for eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester

Søknadsprosessen

All tildeling av tenester vert gjort etter kartlegging av søkjar sitt funksjonsnivå og ei individuell og tverrfagleg vurdering. Prosessen kan skildrast slik:

Skriva søknad

Søkjar er tenestemottakar og søkjer om dei tenestene det er behov for. Dersom brukar ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for brukar. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknaden. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om dine behov for tenester, så langt det let seg gjera. Dersom du treng hjelp, kan du ta kontakt med Tildelingskontoret.

Søknad skal sendast pr. post til:

Tildelingskontoret
v/Voss sjukeheim
Sjukeheimsvegen 15
5704 Voss

Tlf: 56 52 13 00

Link til søknadsskjema (pdf)

pdfLink til fullmaktsskjema (pdf)

Sakshandsaming

Tildelingskontoret skal vurdera alle innkomne søknadar fortløpande. Me vil kontakta deg så raskt som mogleg og seinast innan 4 veker. Sakshandsamar hentar inn relevante opplysningar for å vurdera søknaden. Dersom saka ikkje vert avgjort innan 4 veker, får du skriftleg melding om årsaka til dette, i tillegg til kva tid du kan forvente å få eit vedtak.

Individuell vurdering

Søkjar vil bli individuelt vurdert og sakshandsamar vil greia ut om kva som er det rette tenestetilbodet. Søkjar sine eigne ressursar og aktiv deltaking vil verta avklart i høve behovet for hjelp.

Vedtak

Alle vedtak om hjelp gjeld for ein tidsperiode og skal evaluerast. Vedtaket skildrar kva hjelp søkjar vil få, og i kva omfang. Dersom søkjar får vedtak om avslag eller mindre hjelp enn søkt om, skal dette grunngjevast og brukar kan klaga på vedtaket.

Klage

Du kan klaga til Tildelingskontoret innan 4 veker etter at du får vedtaket. Klagen må vera skriftleg og sendast til Tildelingskontoret. Du kan ta kontakt med Tildelingskontoret dersom du treng rettleiing. Dersom Tildelingskontoret opprettheld si avgjersle, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen (lovpålagte tenester) eller kommunal klagenemnd (ikkje lovpålagte tenester). Klageinstansen avgjer då om klagen blir tatt til fylgje. Du kan også klaga på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal sendast direkte til leiar for heimetenesta i det aktuelle området.

Vedtak og vurderingsliste

Søkjarar som fyller vilkåra for langtidsopphald skal ha vedtak frå tildelingskontoret. Dersom det ikkje er ledig plass, skal kommunen setja søkjar på vurderingsliste dersom det er forsvarleg at brukar med omfattande behov for heildøgns helse- og omsorgstenester bur heime i påvente av langtidsopphald i sjukeheim. Dei helse- og omsorgstenestene som vert gitt i ventetida skal til ei kvar tid vera forsvarlege og behovsdekkjande.

Ved ledig plass skal alle på vurderingslista vurderast av tildelingskontoret, og den med størst hjelpebehov ut frå vurderingsmomenta i § 4 skal prioriterast. Tildelingskontoret har ansvar for å halda oversikt over personar som ventar, og vurdera situasjonen kontinuerleg. Dersom det oppstår ein situasjon der det hastar for den enkelte brukar å få eit langtidsopphald, skal det utan opphald verta gjeve tilbod om opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagd for heildøgns tenester.

Lover og retningslinjer

Kontakt Tildelingskontoret

Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Telefon: 56 52 13 00