Helse- og omsorgstenestene i Voss kommune

Denne nettsida skal gje deg eit innblikk i dei ulike helse- og omsorgstenestene i Voss kommune. Her skildrar me korleis kommunen tildeler dei ulike tenestene i omsorgstrappa til våre innbyggjarar i samsvar med lover, forskrifter og kommunale tildelingskriterium. Ein ynskjer å skapa ei felles forståing for nivået på tenesteytinga, med bakgrunn i krav frå myndigheiter, faglege og juridiske vurderingar og politiske prioriteringar.

Basert på dei sistnemnde punkta har kommunalavdeling Helse og omsorg utarbeidd ein strategi for framtida. Strategien til Helse og omsorg har åtte forankra prinsipp som skal flytta fokus frå reparasjon til førebyggande arbeid:

  • me skal ha ei brei tenesteportefølje – frå vogge til grav
  • våre tenester skal vera brukarsentrert og tilpassa den enkelte brukar sine behov
  • me ventar at våre brukarar deltek aktivt for å betra eigen situasjon
  • våre lovpålagte behandlings- og sosialtenester skal vera stabile, påreknelege og ha rett kvalitet
  • våre førebyggande tenester skal vera dynamiske, tilgjengelege og ha høg kvalitet
  • me skal raskt ta i bruk digitale tenester
  • me skal samarbeide med andre for å betra kvalitet og tilgjenge

Vår målsetting er å levera tenester av god kvalitet gjennom kompetente medarbeidarar og brukardeltaking.

Kontakt Tildelingskontoret

Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Telefon: 56 52 13 00