Omsorgstrappa

Det er ynskjeleg for dei fleste å bu i sin eigen heim så lenge som mogeleg. Dei fleste omsorgstenestene som kommunen yter, er lovpålagde og er eit kommunalt ansvar. Men kommunen yter òg tenester ut over det som er lovpålagt. Helse og omsorg legg vekt på førebygging i tenestene sine.

Frivillige organisasjonar og lag på Voss tilbyr også ei rekkje førebyggjande aktivitetar og tilbod. Her finn du ei oversikt: Brosjyre 60 + (pdf-fil) Aktivitetar for seniorar og eldre i Voss kommune

I den kommunale omsorgstenesta vert det nytta ord som "tiltakskjeder" og "omsorgstrapp" for å visa til at det finns mange typar omsorgstenester, og at desse må sjåast i ein samanheng. Menneske som har behov for omsorgstenester er ikkje like. For nokon vil behovet for hjelp og assistanse vera relativt enkelt og lite, for andre er det snakk om omfattande og samansette tenestebehov. Tenkinga knytt til omsorgstrappa inneheld ei forståing av at ulike omsorgstenester utgjer dei forskjellige trinna i trappa. Nokre tenestetypar er i hovudsak retta inn mot innbyggar med lite behov for hjelp, nokre mot dei som treng mykje hjelp, medan andre typar tenester kan vera innretta slik at dei både tener menneske som treng mykje hjelp og dei som treng litt støtte. Dersom behovet for hjelp endrar seg, kan ein ta i mot tenester på eit høgare eller lågare nivå. Nedanfor kan du peika deg fram til dei ulike trinna i omsorgstrappa:

 

  • 1. Førebyggjande tiltak.
  • 2. Hjelp i kvardagen.
  • 3. Heimeteneste.
  • 4. Korttidshjelp.
  • 5. Langtidsopphald.
  • 1. Førebyggjande tiltak. "Eg klarar meg ganske godt sjølv"

    Tenester som kommunen yter på dette trinnet er førebyggande.

    • Førebyggande heimebesøk
    • Hjelp med tilrettelegging av bustad/tekniske hjelpemiddel
    • Fysioterapi
    • Ergoterapi
    • TT-kort
    • Framtidsfullmakt
    • Fylgjekort/"Ledsagerbevis"
    • Demenskoordinator
    • Kreftkoordinator
    • Støttekontakt

    Det finnest òg gruppetrening, kurs og andre lågterskeltilbod.

  • 2. Hjelp i kvardagen. "Eg har behov for litt hjelp"

    • Matombering
    • Tryggleiksalarm
    • Omsorgsteknologi
    • Dagaktivitetstilbod
    • Omsorgsløn
    • Avlastningsopphald/vekselplass.

    Dette er tenester som gjer at du lettare kan klara deg sjølv, og vera heilt eller delvis uavhengig av personleg hjelp frå andre.

  • 3. Heimeteneste. "Eg er avhengig av hjelp i eigen heim"

    • Heimehjelp
    • Avlasting utanfor og i institusjon, for menneske med nedsett funksjonsevne
    • Brukarstyrt personleg assistent (BPA)
    • Omsorgsbustad utan fast bemanning
  • 4. Korttidshjelp. "Eg treng hjelp i ein periode"

    • Heimesjukepleie
    • Kvardagsrehabilitering
    • Miljøterapi rus
    • Psykisk helse
    • Korttidsplassar (rehabilitering, avlasting, utgreiing, vekselplass, omsorgsplass)

    Dette trinnet inneheld tenester for menneske som har middels til meir omfattande trong for hjelp.

  • 5. Langtidsopphald. "Eg treng hjelp det meste av tida"

    • Langtidsopphald i institusjon
    • Bustad med heildøgnsbemanning
    • Omsorgsbustad