Støttekontakt/treningskontakt

Dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller koma ut av eit isolert tilvære på grunn av funksjonshemming eller sosiale utfordringar. kan du søkja om støttekontakt.

Støttekontakt får godtgjersle frå kommunen.

Tenesta kan organiserast på følgande måte:

  • Individuell støttekontakt/treningskontakt
  • Deltaking i aktivitetsgruppe
  • Individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon

Kriterium og vilkår

I samarbeid med deg vil kommunen avgjera om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt behov som er avgjerande.

Støttekontaktar må underteikna teieplikt.

Pris

Tenesta er gratis. Du skal ikkje betala for støttekontakten sine utgifter.

Søknadsprosessen

All tildeling av tenester vert gjort etter kartlegging av søkjar sitt funksjonsnivå og ei individuell og tverrfagleg vurdering. Prosessen kan skildrast slik:

Skriva søknad

Søkjar er tenestemottakar og søkjer om dei tenestene det er behov for. Dersom brukar ikkje er i stand til å søkja sjølv, kan andre søkja for brukar. Då skal signert fullmakt leggjast ved søknaden. Det er ein fordel om du som søkjar kan greia ut om dine behov for tenester, så langt det let seg gjera. Dersom du treng hjelp, kan du ta kontakt med Tildelingskontoret.

Søknad skal sendast pr. post til:

Tildelingskontoret
v/Voss sjukeheim
Sjukeheimsvegen 15
5704 Voss

Tlf: 56 52 13 00

Link til søknadsskjema (pdf)

pdfLink til fullmaktsskjema (pdf)

Sakshandsaming

Tildelingskontoret skal vurdera alle innkomne søknadar fortløpande. Me vil kontakta deg så raskt som mogleg og seinast innan 4 veker. Sakshandsamar hentar inn relevante opplysningar for å vurdera søknaden. Dersom saka ikkje vert avgjort innan 4 veker, får du skriftleg melding om årsaka til dette, i tillegg til kva tid du kan forvente å få eit vedtak.

Individuell vurdering

Søkjar vil bli individuelt vurdert og sakshandsamar vil greia ut om kva som er det rette tenestetilbodet. Søkjar sine eigne ressursar og aktiv deltaking vil verta avklart i høve behovet for hjelp.

Vedtak

Alle vedtak om hjelp gjeld for ein tidsperiode og skal evaluerast. Vedtaket skildrar kva hjelp søkjar vil få, og i kva omfang. Dersom søkjar får vedtak om avslag eller mindre hjelp enn søkt om, skal dette grunngjevast og brukar kan klaga på vedtaket.

Klage

Du kan klaga til Tildelingskontoret innan 4 veker etter at du får vedtaket. Klagen må vera skriftleg og sendast til Tildelingskontoret. Du kan ta kontakt med Tildelingskontoret dersom du treng rettleiing. Dersom Tildelingskontoret opprettheld si avgjersle, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen (lovpålagte tenester) eller kommunal klagenemnd (ikkje lovpålagte tenester). Klageinstansen avgjer då om klagen blir tatt til fylgje. Du kan også klaga på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal sendast direkte til leiar for heimetenesta i det aktuelle området.

Lover og retningslinjer

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstjenesteloven §3-2, fyrste ledd nr.6 bokstav b.

Lover

Kontakt Tildelingskontoret

Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Telefon: 56 52 13 00