Utgreiing av demens

Demens er ei av dei vanlegaste sjukdomstilstandane blant eldre, og kommunen tilbyr utgreiing av eldre personar med symptom på demens. Tidleg diagnostisering gjer det mogeleg for personar med demens å ta viktige avgjersler medan dei enno har samtykkekompetanse, og pårørande kan få god og naudsynt oppfølging, informasjon og avlasting så tidleg som mogeleg.

Utgreiinga skal vera eit bidrag til at personar med demens skal kunna bu i eigen heim så lenge som mogeleg. Det er ynskjeleg å koma i kontakt med brukar og pårørande så tidlig som mogeleg for å bidra til gode tiltak for å skapa struktur og tryggleik. Målgruppa er personar med demens som er over 65 år.

Ein kan ta direkte kontakt med demenskoordinator som kjem på heimebesøk for kartlegging og oppfølging. Meir informasjon

Kontakt Tildelingskontoret

Adresse: Voss sjukeheim, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Telefon: 56 52 13 00