Voss gymnas - Roll-up

  • 1
  • 1

 

Rollup til nye Voss gymnas

Med utbygginga av nye Voss gymnas, laga me 8 rollup som representerer alle linjene ein kan velja mellom som vidaregåande elev på skulen. Me tok utgangspunkt i mønster som Voss gymnas allereie brukar, og la til nye grafiske element for å gje rollupane eit eige uttrykk. Fargane representerer dei ulike linjene, og bind dei saman med ei horisontal linje når rollupane står samla. På den måten kan dei stå åleine, men viser også ein tydeleg samanheng når dei står samla. Med fargekoding tileigna kvar enkelt linje, viser ein omfanget av tilbodet på Voss gymnas, frå idrettslinje til musikk, dans og drama. Gode bilete er viktig for å få eit godt inntrykk av både linjene og skulen. Dette var ei kjekk oppgåve, og me håpar rollupane kan inspirera nye elevar til å velje Voss gymnas!