Leiargruppa for Voss herad er på plass

Komande rådmann i Voss herad, Arild M. Steine, har tilsett alle kommunalsjefane og ein av tre stabssjefar i den nye leiargruppa si.

Nyleg vart den overordna organiseringa av Voss herad bestemt, der kommunalavdelingane vert vidareført som i Voss kommune, medan det vert oppretta tre stabsavdelingar: Strategi og styring, HR og innovasjon og Innbyggjarteneste. Organiseringa og visjonane til Voss herad finn du i dokumentet Administrativ organisering av Voss herad

Den nye leiargruppa vert samansett slik, med dagens stilling i parentes:

  • Kommunalsjef oppvekst: Frode Monsen (rektor Danielsen skule)
  • Kommunalsjef tekniske tenester: Torbjørg Austrud (kommunalsjef Voss kommune)
  • Kommunalsjef helse og omsorg: Kjersti Nordanger (kommunalsjef Voss kommune)
  • Kommunalsjef kultur og fritid: Trude Letnes (rådmann Granvin herad)
  • Stabssjef HR og innovasjon: Mette Matthiessen (personalsjef Voss kommune)
  • Stabssjef Strategi og styring: Denne stillinga vert lyst ut
  • Stabssjef Innbyggjarservice: Denne stillinga vert lyst ut

I samband med at den komande rådmannen for Voss herad skulle tilsetja leiargruppa si, har alle i leiargruppene til rådmannen i Voss og rådmannen i Granvin gitt innspel på kva dei ynskjer for rolle og arbeidsoppgåver i den nye organisasjonen. Kommunalsjef for kultur og fritid i Voss, Gunnhild Utkvitne, har vore sjukemeldt ei periode, og har meldt inn at ho ikkje ynskjer leiarjobb med ansvaret som ligg i ei kommunalsjefstilling. Ho har sterkt ynskje om å koma attende i jobb så snart ho er frisk, men ikkje i kommunalsjefstilling. Dette er også avklart med rådmann Einar Hauge. Ho vil difor gå inn i ei stilling som spesialrådgjevar i rådmannen sin stab. Dette er ei stilling som vert vidareført i Voss herad.

Arild M. Steine har i vurderingane av kven som vert kommunalsjefar og stabssjefar lagt til grunn både generelle og særskilte krav til utdanning, arbeidserfaring og personlege eigenskapar. Desse krava, som òg er drøfta med dei tillitsvalde, kan du lesa i dokumentet Krav til kommunalsjefar og stabssjefar.

Dei som er tilsett i den nye leiargruppa skal halda fram som leiarar i dagens to organisasjonar fram til 31.12.2019, og skal i tillegg leia oppbygginga av avdelingane i Voss herad, i tråd med det som er skissert i styringsdokumentet og visjonsdokumentet.

Stillinga som stabssjef strategi og styring blir lyst ut snarast, medan stillinga som stabssjef innbyggjarservice blir lyst ut litt seinare, men i god tid før 1.1.2020.

Leiarane som ikkje skal sitja i Voss herad si leiargruppe held fram i sine funksjonar fram til samanslåinga, og skal jobba vidare innan sine respektive fagfelt i den nye organisasjonen.

«Eg er svært nøgd med å få på plass denne leiargruppa, og ser fram til å utvikla organisasjonen saman med dei. Det er opplagt at det ikkje er plass til alle som sit i dagens leiargrupper i den nye leiargruppa, men eg er glad for at også dei er med vidare i arbeidet. Det er viktig for å byggja ein god kommune at dei vil bruka si erfaring og kompetanse til det beste for Voss herad», seier Arild M. Steine.