Resultat frå undersøking om lokaldemokratiet

Resultata frå lokaldemokratiundersøkinga i Voss og Granvin er klare. Undersøkinga vart gjort mellom både innbyggjarar og folkevalde i mai, og vil bli gjennomgått og jobba med under eit felles kommunestyremøte 27. september.

 

Det er eit relativt omfattande talmateriale som no er publisert, og det viser at Voss og Granvin skårar nær gjennomsnittet for dei andre kommunane som har delteke i same undersøkinga landet over.

Resultata er heilt ferske, og kommunane har ikkje gått djupt inn i materialet enno. Det vil bli gjort i samarbeid med KS etter ferien. Generelt er det slik at resultata viser interessante funn som gjev nyttig kunnskap når ein skal byggja og utvikla Voss herad.

Les resultata her:

Folkevalde Granvin

Folkevalde Voss

Innbyggjarar Granvin

Innbyggjarar Voss