Feiring i fellesnemnda

Med kommunepins og kake, utsmykka med Voss herad sitt kommunevåpen, feira Fellesnemnda og Partssamansett utval (PSU) at ein er kome endå eit steg på vegen mot ein ny kommune.


DSC 3891I det møtet i Partssamansett utval (PSU) gjekk over til møte i Fellesnemnda var det kakefest i kommunestyresalen på Voss tinghus.
Arkivverket godkjende nyleg Voss herad sitt kommunevåpen, som er hardingfele i sølv på raud bakgrunn. Våpenet kan med det bli tatt i bruk i arbeidet med å slå saman Voss og Granvin.
Fellesnemnda sitt møte inneheldt vidare fleire saker. Den politiske organiseringa av Voss herad er under arbeid, og Fellesnemnda vedtok å senda framlegget på høyring. Framlegget kan du lesa her.

DSC 3876

Kommuneplan:
Det går føre seg eit omfattande arbeid med ny kommuneplan for Voss herad, både med ein samfunnsdel og ein arealdel. I møtet fredag gav medlemene i fellesnemnda nokre av sine føringar i det vidare arbeidet gjennom denne ordlyden: I Voss herad ønskjer me levande grender. Det er ønskjeleg med bustadbygging i heile kommunen. Bustadareal bør lokaliserast i nær tilknyting til eksisterande busetnad og infrastruktur. I samband med lokalsentra bør bustadareal lokaliserast i nær tilknyting til eksisterande busetnad, infrastruktur, handelstilbod, skule, barnehage og andre offentlege tilbod. Busetnaden skal planleggast med gode løysingar for kollektivtransport, sykkel og gange.
Ålvik
Den siste saka i dette møtet var uttale til innbyggjarinitiativet frå Ålvik i Kvam om mogleg grensejustering. I innstillinga frå prosjektleiar heiter det at Voss herad i utgangspunktet stiller seg positiv til ei eventuell samanslåing. I tillegg må det avklarast nøyaktig kvar den eventuelle nye kommunegrensa skal gå, økonomiske konsekvensar av ei grensejustering og kva kommunale eigedomar som vert ein del av verdraginga. I innstillinga heiter det også at det må koma fram kva statlege eller regionale føringar som er knytt til området og rettar, pliktar og ansvar som vil bli overført til Voss herad. Særskilt innan energi og miljø knytt til tungindustri og oppdrett. Ei samla fellesnemnd vedtok denne innstillinga med fylgjande tillegg i starten av uttalen: Under føresetnad om at ein stor del av innbyggjarane i Ålvik ønskjer ei grensejustering, stiller fellesnemnda i Voss herad seg i utgangspunktet positiv til ei eventuell grensejustering der Ålvik vert ein del av Voss herad. Fellesnemnda for Voss herad vil råda Fylkesmannen til å undersøkja dette før ein går vidare med utgreiingsarbeidet.