Fellesmøte om ny stabsavdeling

Ei heilt ny stabsavdeling skal bli etablert i Voss herad. Stabsavdelinga skal heita Innbyggjarservice. Alle tilsette i avdelingane som skal vera involvert var denne veka samla for å planleggja korleis avdelinga skal bli.

 

I oppdragsskildringa frå prosjektleiar er det sett opp klare mål for den nye avdelinga. Mellom anna skal avdelinga auka openheita i den nye verksemda, sikra at innbyggjarane frå den nødvendige informasjonen dei treng om tenester, rettar og plikter og utvikla og innarbeida eit klart språk i Voss herad. Vidare skal avdelinga syta for politisk sekretariat, vera kontaktpunkt for media og styrka heile organisasjonen si kommunikasjonsevne og modernisera, forbetra og fornya innbyggjardialogen i Voss herad. Avdelinga skal også byggja ei felles arkivtenestesyta for Voss herad. 

Denne veka hadde alle tilsette innan servicetorg, tenestetorg, dokumentsenter, arkiv og kommunikasjon i Voss og Granvin den fyrste av førebels to samlingar der målet er å koma fram til korleis den nye stabsavdelinga skal organiserast.
Fristen for å ha organiseringa på plass er 1. februar, og innan 1. april skal alle vera innplassert i den nye avdelinga. Det betyr at innan utgangen av mars skal alle som skal jobba i Innbyggjarservice veta kva rolle dei skal ha i den nye avdelinga frå 1. januar 2020.
Arbeidet med å bygga avdelinga er organisert i ei eiga arbeidsgruppe. I denne sit Gro Sølvberg frå servicetorget i Voss, Mari Mæland frå tenestetorget i Granvin, Kristin Jordal frå dokumentsenteret og arkivet på Voss og Arvid Birkeland, som er tillitsvalt frå Delta. Gruppa vert leia av Tor Halvorsen, som er kommunikasjonsrådgjevar i Voss kommune.

Oppdragsskildringa som syner rammene for arbeidet finn du ved å klikka på denne lenkja: https://vossherad.no/dokument/planar/73-oppdragsskildring-innbyggjarservice/file