Folketalet veks

I løpet av andre kvartal i år har både Voss og Granvin hatt auke i folketalet.

 

Ved utgangen av andre kvartal var det registrert 929 innbyggjarar i Granvin, 5 fleire enn ved inngangen til kvartalet. Det vart i perioden fødd 5 born, medan 4 personar døydde. Samstundes er nettoinnflyttinga fire personar, som gjev ein folkevekst på 5. I Voss kommune var det registrert 14.611 innbyggjarar ved utgangen av andre kvartal, 27 fleire enn ved inngangen av kvartalet. 50 born er fødde, 32 personar døydde i perioden. Nettoinnflyttinga til Voss var i perioden på 9 personar, som gjev ein folkevekst på 27 personar i andre kvartal.