Framlegg til økonomiplan på høyring

Felles kommunestyre i Granvin og Voss har sendt rådmannen sitt framlegg til den fireårige økonomiplanen for Voss herad er på høyring. Planen viser kva Voss herad skal prioritera dei neste åra.

 

Økonomiplanen for Voss herad 2020-2023 er presentert i ein digital versjon som du finn her: https://pub.framsikt.net/2020/voss/bm-2020-økonomi_og_handlingsplan_2020-2023/#/home

I det felles kommunestyremøtet kom Kristeleg folkeparti med eit tillegg, som skal fylgje saka. Tillegg_til_økonomiplanen_frå_KrF.pdf

Du kan også laste ned ein dokumentversjon her: Økonomiplan_Voss_herad_2020-2023.pdf

Økonomiplanen vart torsdag lagt fram for kommunestyra i Voss kommune og Granvin herad, som i møtet vedtok å senda planen høyring. Dei politiske partia kan koma med endringsforslag. Alle vert likevel invitert til å koma med innspel.

Innspel til første framlegg kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 5.juni.

Til slutt skal representantar frå folkevalde i Fellesnemnda avgjere prioriteringar og gjere vedtak i møte 14.juni.

Endelig vedtak av økonomiplan 2020-2023 saman med årsbudsjett for 2020, vert gjort når nytt kommunestyre et konstituert mot slutten av 2019.