Frist for innlevering av listeforslag til kommunestyrevalet

Frist for å levere listeforslag til kommunevalet 2019 i Voss herad er måndag 1. april kl 12.

Frist for å levera listeforslag er 31. mars kl 12. I 2019 fell 31. mars på ein søndag, og i fylgje vallova § 15-5, skal fristar som fell på ein laurdag eller helligdag utsetjast til følgande kvardag. Det betyr at listeforslag må vera innleverte til det aktuelle valstyret innan måndag 1. april kl 12.

Listeforlaget må ha kome fram til kommunen innan fristen, det er ikkje nok at brevet med listeforslag er poststempla innan fristen. Dersom listeforslaget vert sendt på faks eller e-post innan fristen, vil det vera innafor, men det er ein nødvendig forutsetning at liste med originale underskrifter vert sendt i posten eller levert direkte på tinghuset med ein gong.

Når fristen er ute kan framleggstillarane berre gjera dei endringane på listeforslaget som krevst for å få listeframlegget i tråd med vallova og forskriftene til denne.

Valbarhet (vallova § 3)

  • Valbar er alle som har stemmerett ved valet og er innført i folkeregisteret som busett i Voss herad på valdagen
  • Vilkår for å krevja fritak er kun å sende skriftleg erklæring innan fristen satt av valstyret om at ein ikkje ynskjer stå på liste

Listeforslag (den offisielle lista, vallova § 6)
Regelverket om krav til og behandling av listeforslag

  • Må angje kva val det gjeld
  • Overskrift er partiet sitt registrerte namn
  • Kandidatar* skal vere nummererte og oppført med førenamn, etternamn og fødselsår
  • Kandidatar* kan vere oppført med stilling eller stadnamn
  • Inntil 6 kandidatar kan gjes eit stemmetilegg. Desse skal stå øvst på lista og med utheva skrift eller blokkbokstavar
  • Liste skal signerast av minst to styremedlemer i lokalavdelinga

*Minimum 7 kandidatar, maksimum det antal representantar som skal veljast til kommunestyret + inntil 6 namn (43+6=49)

Listeforslag mal (pdf - kan fyllast ut elektronisk)

Vedlegg til listeforslag

  • Fødselsdato til kandidatane
  • Fødselsdato og bustadadresse til dei som har signert listeforslaget
  • Lista må innehalde namn på tillitsvald og ein vararepresentant

Vedlegg til liste (Excel mal)

Kan ikkje vera kandidatar:

  • Førehandsrøystemottakar
  • Røystemottakar valting
  • Person i røystestyre
  • Person med omfattande ansvar i kommunen

Listeforslag og vedlegg kan sendast på e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og merkast med listeforslag kommunestyretvalet 2019. 

Vedlegg til lista med signatur på underskrivarar må sendast i post eller leverast til politisk sekretariat: 

Voss herad, v/ Voss kommune, pb 145, 5701 Voss
Besøksadresse Uttrågata 9

Oversikt over politiske registrerte parti

Partiregisteret (Brønnøysundregistrene)