Invitasjon til felles markering av nytt herad

I 2020 slår Granvin herad og Voss kommune seg saman, og etablerar Voss herad. For å markere denne hendinga vil Voss herad arrangere festhelg 29. februar til 1. mars 2020. I tillegg ynskjer me å invitere lag og foreiningar til å vera med å bidra med tiltak eller arrangement gjennom året, som kan byggja fellesskapskjensle, kultur og identitet. Dette kan til dømes vera ein konsert, ei utstilling, eit kurs eller ein felles fjelltur.

Etter ei heilskapeleg vurdering vil det verte gjeve økonomisk sønad til nokre tiltak. Det er sett av til saman kr 100 000 til slike tiltak. Tiltak eller arrangement som involverar enkeltpersonar, lag eller foreiningar frå begge kommunane vil verte prioritert.

Alle tiltak som vert melde inn vil kunna verte del av det offisielle programmet til markeringa om det er ynskjeleg. Kommenter gjerne dette i søknaden.

Kortfatta søknad med prosjektskisse og budsjett kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 1. juli 2019.

Merk søknaden: Markering av Voss herad i 2020.

Søknadane vert handsama administrativt.