Kva skal me prioritere dei neste fire åra?

Gruppearbeid

Politikarar frå Voss og Granvin og administrasjon har vore samla i Myrkdalen for å få ei felles forståing for kva ressursar me har tilgjengeleg, utfordringar Voss herad står overfor og kva som må prioriterast framover.

Økonomiplanen skal vera kommunen sin langsiktige handlingsplan for dei neste fire åra og skal gje svar på dette. Administrasjonen ville gje politikarane ei god oversikt over kva som påverkar det økonomiske handlingsrommet. Inntekter og utgifter kan styrast, og kommunen må gjere grep for å utøve ansvaret sitt i ei tid med trongare økonomiske rammer for kommune-Noreg. Gjennom gode diskusjonar og gruppearbeid fekk politikarane gitt føringar for vidare arbeid med korleis kommunen kan skapa ein berekraftig økonomi, kva prioriteringar det er ynskjeleg at kommunen gjer og kva me bør satsa på dei neste fire åra. Tydelege føringar for framtida er effektivisering, omlegging av tenester innan helse og omsorg med endring av institusjonsplassar og høgare prioritering av tenester i heimen, digitalisering innan skulen, førebygging og tidleg innsats innan Oppvekst og Helse og omsorg, prioritering av bygg, gi tenester på rett nivå og ikkje minst jobba for at Voss herad vert ein attraktiv plass å bu.

Administrasjonen vil ta med seg innspela vidare i arbeidet med økonomiplan for dei fire neste åra. Det må jobbast med målsettingar og måltal, kva verknader får kommunesamanslåinga, kva endringar må gjerast i tenestene, korleis skal investeringar prioriterast og å legge fram ein forståeleg og god økonomiplan. Økonomiplan skal til høyring i felles kommunestyre 23.mai og behandlast i Fellesnemnda 7.juni.

Fellesnemnda og administrasjonen ynskjer å fortsetje eit godt samarbeid og vil møtast igjen for å jobba vidare med innhaldet i handlingsplanen i samband med politisk møte i Fellesnemnda 5.april.

Tenesteanalyse og presentasjonar frå samlinga finn du her: https://www.vossherad.no/dokument/referat/strategisamling-okonomiplan-2020-2023