Stabssjef innbyggjarservice er tilsett

Tor Halvorsen (44) er tilsett som stabssjef for innbyggjarservice i Voss herad. Den nye stabsavdelinga skal arbeida med arkivteneste, dokumentsenter, servicetorg, innbyggjardialog og kommunikasjon.

Halvorsen er i dag kommunikasjonsrådgjevar i Voss kommune. Som stabssjef vil han også ha den administrative leiinga av avdelinga arkiv/dokumentsenter og servicetorg i Voss kommune fram til samanslåinga 1. januar 2020.

Tor Halvorsen har bakgrunn frå media, og var mellom anna journalist og utgåvesjef i Hordaland i fleire år før han vart tilsett i Voss kommune i august 2016.

Stabssjefen sit i leiargruppa til rådmannen, og vil i Voss herad også ha funksjon som kommunikasjonssjef i Voss herad frå 2020.

Prosjektleiar og komande rådmann Arild M. Steine er glad for ha fått på plass den siste leiaren i leiargruppa for Voss

 herad.

«Tor Halvorsen vil styrka Voss herad si kommunikasjonsevne både mot innbyggjarane og også internt i organisasjonen. Eg meiner Halvorsen har dei rette eigenskapane for å fylgja opp dei høge ambisjonane Voss herad har om å styrka innbyggjardialogen», seier Arild M. Steine.

Tor Halvorsen ser fram til å ta til i den nye stillinga.

«Eg er glad for den tilliten eg har fått, og ser fram til å utvikla innbyggjardialogen og bidra til at den nye stabsavdelinga k

an utvikla gode tenester både for innbyggjarane og organisasjonen», seier Tor Halvorsen