Stabssjef strategi og styring er tilsett

Liv Myklebust (36) er tilsett som stabssjef for strategi og styring i Voss herad. Ho er i dag strategi- og økonomileiar i kommunalavdeling helse og omsorg i Voss kommune.

 

- Det blir kjekt, spennande og utfordrande. Eg gler meg til å vera med på å byggja opp ein ny kommune, seier Liv Myklebust. Ho startar formelt i stillinga 1. januar, men vil alt frå måndag gradvis byrja på oppgåvene i den nye stillinga samtidig som ho avsluttar arbeidet i stillinga ho har i dag.

- Det var mange sterke søkjarar til stillinga, som er ei viktig og sentral stilling i Voss herad. Det er fint at me i ein slik prosess finn den beste kandidaten internt, seier prosjektleiar Arild M. Steine.