Tilskot til klart språk

Voss herad får 35 000 kroner i stønad frå KS-programmet Klart språk i kommunesektoren. Hordaland fylkeskommune får også tilskot saman med Sogn og Fjordane.

 

KS har delt ut totalt 1,1 millionar kroner til språkarbeid i 34 kommunar og fylkeskommunar. – KS vil motivera til å komme i gang med klarspråksarbeid. Den byråkratiske skrivestilen har vore prega av tungt språk og smitte frå kompliserte lovtekstar. Klarspråk handlar om å setje seg i lesarens stad og skrive så folk forstår. Kommunar og fylkeskommunar har dei same oppgåvene og kommuniserer med like målgrupper. Derfor er potensialet for deling stort, seier områdedirektør i KS.

 

I samband med at Voss og Granvin skal bli Voss herad i 2020 er det etablert eit eige klarspråkprosjekt  Målet for prosjektet som har fått tilskot er å utarbeida heilt ny språkprofil for den nye kommunen, gjennomgå både brevmalar og informasjonstekstar og kursa og inspirera tilsette for å byggja ein kultur for godt og klart språk. 

Stor interesse

– Me er glade for at interessa har vore så stor. Det viser at mange kommunar og fylkeskommunar ønskjer å ta tak i språket sitt. Dei kommuniserer med innbyggarar i alle livets fasar, og av og til i sårbare situasjonar. Da er språket ekstra viktig, seier Østensjø.

I juryen sit representantar frå kommunesektoren, Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Kommunal- og moderniseringsdepartementet er med på å finansiere KS-programmet.

Eksempel på klart språk
I tekstbasen til KS finn de eksempel på gamle og nye tekstar på nynorsk og bokmål:

http://www.sprakradet.no/Klarsprak/kommunesektoren/kommuner/gran-kommune/innvilging-av-opphold-pa-dagsenter-for-eldre/