Det var det året iPhone vart lansert og Brann vart seriemeister. Fem brurepar gifta seg i Vangskyrkja 07.07.07. Hordaland melde om rekordhøg straumpris på opp mot ei krone. 3G var nytt og Lunde Aarvik vart ordførar.

Mykje vatn har runne i Vangsvatnet sidan me for fyrste gong stilte med blanke ark og nyspissa blyantar i eige firma. Ting endrar seg, men 15 år seinare er levebrødet vårt det same; å levera kreative, fine og funksjonelle løysingar for kundane våre.

På desse åra har me vore både høgt og lågt på Voss og i grannekommunane; frå tårnet på den 200 m høge Hardangerbrua til kvelven i Vekselbanken, frå Hangurstoppen til bryggja i Flåm. Men det meste av tida sit me framfor skjermen der kunnskap og idéar blir til grafisk design, digitale produkt eller produksjonsfiler. Sjølv om faget heile tida er i endring, er basiskunnskap og nøgde kundar like viktig som det alltid har vore. Når me ser oss tilbake er det kjekt å sjå kor mange kundar me har hjelpt, og kor mange løysingar og produkt me har levert som har sett spor etter seg.

Frå 2007 til 2012 hadde Logolink kontor i Vangsgata 33, før me kjøpte lokale på gateplan i Vangsgata 26 - nabobygget til banken ved torget. Her er du velkomen innom for å slå av ein prat over ein kopp kaffi. La oss gjerne fortelja meir i detalj kva me kan tilby. Logolink rundar 15, utan at me dvelar så mykje ved det. Men jubileet inspirerer oss til å sjå framover mot nye, spennande år!

  •  MG 1649
  • IMG 0346
  • DSC00143
  • IMG 1694
  • IMG 2744
  • Logolink Inge Kulturhus 4a
  •  MG 3962
  • 1
  • IMG 3564
  • Logolink Inge Kulturhus 13
  • IMG 6974
  • IMG 0412
  •  MG 0097
  •  MG 0396
  •  MG 1144
  •  MG 4567
  •  MG 5239
  •  MG 5411
  •  MG 9112
  • Image 5
  •  MG 1649
  • IMG 0346
  • DSC00143
  • IMG 1694
  • IMG 2744
  • Logolink Inge Kulturhus 4a
  •  MG 3962
  • 1
  • IMG 3564
  • Logolink Inge Kulturhus 13
  • IMG 6974
  • IMG 0412
  •  MG 0097
  •  MG 0396
  •  MG 1144
  •  MG 4567
  •  MG 5239
  •  MG 5411
  •  MG 9112
  • Image 5

 

Følg oss!

Sjå fleire blogginnlegg frå ditt reklamebyrå på Voss