Voss + Øl = Gardsøl! 

På Voss har me lange tradisjonar for å bryggja øl på gardane. Logolink har hjelpt bryggmeistaren Rune Midttun på Voss Fellesbryggeri med å laga ein høveleg etikett på ølet som er meint som heider og støtte til den norske bonden.

Etiketten som me har designa har Bjørne Røthe, 7. generasjons bonde frå Dyrvedalen, som frontfigur. Designet skal gje assosiasjonar til gamle ølflasker hjå landhandlaren, med jordfargar, enkelheit og grovt papir som gjev eit preg av nostalgi.

Og før me veit ordet av det er det jol, og jolaølet skal vera ferdig. Til etiketten for "Vossajol" har me lånt Kjell Herheim sitt motiv, der han fanga ei jolapynta Vangsgate i 1960. På god, gamaldags film naturlegvis – dengong "då gatene var breie og bilane få".

Etikettane frå Voss Fellesbryggeri har morosame fakta frå bryggjaren sjølv, desse finn du på etiketten som prydar baksida!  

  • Gardsøl frontetikett
  • baketikett
  • Vossajol
  • Vossajol baketikett
  • Gardsøl frontetikett
  • baketikett
  • Vossajol
  • Vossajol baketikett
 

 

Følg oss!

Sjå fleire blogginnlegg frå ditt reklamebyrå på Voss