Kommuneplan Nye Voss

 

Heradskartet

Her finn du det nye heradskartet for Voss herad - som vert eige herad frå 1.1.2020.

Det nye heradet strekkjer seg frå Hardangerfjorden i sør til Vikafjellet i nord. I vest grensar heradet mot Vaksdal, medan det grensar mot Ulvik og Aurland i aust. Samla areal vert på ca 2100 km2, med eit folketal på ca. 15700.

Les vidare

Prosessen

Prosessen med kommuneplanen for Voss herad 2020-2031 starta med at planprogrammet vart lagt ut på høyring frå 15.desember 2017, og fram til 20.februar 2018. Samtidig vart det varsla oppstart av kommuneplanarbeidet frå og med nyttår 2018.

Les vidare

Status for kommuneplanarbeidet - november 2018.

Arbeidet med arealdelen av kommuneplanen starta opp i juni 2018. Det kom inn omlag 200 innspel til ny arealbruk  innan fristen 7.mai 2018. Det gjeld alle innspel frå Voss, Granvin, Djønno og Tjoflot. Desse vert no vurderte, og det er ei eiga arbeidsgruppa som står for arbeidet med arealdelen av kommuneplanen.

Les vidare

Planprogram for kommuneplan 2020-2031

Fellesnemnda for Voss herad 2020 har vedteke planprogrammet for kommunelanen 2020-20131. Planprogrammet skisserer opplegget rundt planprosessen, kva område som er viktige, medverknad og framdriftsplan. Klikk her for planprogrammet, eller klikk i i menyen til høgre. 

Les vidare

Ein kommuneplan blir til

Nye Voss skal bli til Voss herad frå 1.1.2020. Den nye kommunen skal ha ein kommuneplan for perioden 2020-2031. Det skal utarbeidast ein kommuneplan innan utgangen av 2019, som Voss heradsstyre skal vedta i 2020.

Les vidare