Prosessen

Prosessen med kommuneplanen for Voss herad 2020-2031 starta med at planprogrammet vart lagt ut på høyring frå 15.desember 2017, og fram til 20.februar 2018. Samtidig vart det varsla oppstart av kommuneplanarbeidet frå og med nyttår 2018.

Arbeidet med samfunnsdelen skaut fart etter at kommunestyra i Granvin og på Voss hadde felles kafédialog om kommuneplanen 15.januar 2018. Tema var fokusområda for planprogrammet. Sentrale fokusområde er; Visjon for den nye kommunen, tenester/organisasjon, senterstruktur og lokalsentra, sentrumsutvikling, folkevekst og bustadutvikling, innovasjon og utvikling, det grøne skiftet og samfunnstryggleik.

Vidare hadde fellesnemnda og arbeidsgruppa for samfunnsdelen eit fellesmøte 16.mars 2018, der visjon, hovudtema og målsettingar vart drøfta. Det kom også eit privat initiativ frå Norconsult, der dei arrangerte ein temadag om kommuneplanen. Møtet starta m.a. med ei innleiing om kommuneplanprosessen frå kommunen si sida. Før påske hadde kommuneplankoordinator møte med Destinasjon Voss og Næringshagen på Voss. Det vart då avtalt å informera om planprosessen på deira fellesmøte 24. april. Vidare har kommunen hatt møte med næringsaktørar i Granvin.
Rett over påske (4.april 2018) var det fellessamling i Granvin for ungdomsråda for Voss og Granvin. På møtet fekk ungdomsråda jobba med visjon og satsingsområde for den nye kommunen. Open kontordag om kommuneplanen vert arrangert 18.april i Granvin og 19. april på Voss.Medverknad og informasjon er sentrale element i ein kommuneplanprosess. Her finn du bilde frå samlingane om er omtala i teksten – samt artiklar i lokalavisa:

08. januar 2018: Artikkel i avisa «Hordaland» om oppstart for kommuneplanen.
15. januar 2018: Kafedialog i Vossasalen 15.januar 2018. Sjå bilder.
17. januar 2018: Artikkel i avisa «Hordaland» om kafédialogen for heradsstyra.
28. januar 2018: Artikkel i avisa «Hordaland» om framlegg til planprogram (Voss).
29. januar 2018: Artikkel i avisa «Hordaland» om framlegg til planprogram (Granvin).
15. mars 2018:   Artikkel i avisa «Hordaland» om innspel til arealdelen til kommuneplanen.
16. mars 2018:   Arbeidsverkstad for fellesnemnda/arbeidsgruppa  i Kulturhuset. Sjå bilde.
17. mars 2018:   Artikkel i avisa «Hordaland» om Norconsult sin fagdag om kommuneplan.
04. april 2018:   Arbeidsverkstad for Ungdomsråda Yrkesfagskulen i Granvin.Sjå bilde.
06.april 2018:    Artikkel i avisa «Hordaland» om arbeidsverkstad for ungdomsråda.                                                                   Kafedialog  Frå kafedialogen for kommunestyra i Granvin og på Voss. Tema: Fokusområde. Vossasalen 15.januar 2018.    

Kafedilaog om kommuneplanen 15  Frå kafedialogen for kommunestyra i Granvin og på Voss. Tema: Fokusområde.Vossasalen 15.januar 2018.   

Ordførarane  Ordførarane studerer resultatet frå kafedialogen.

Temadag   Norconsult arrangerer temadag om kommuneplanen 13.mars 2018 på Fleischers hotell.                                                           Kommuneplan.Visjon tema og målsettingar

Arebeidsverkstad for fellesnemdna/arbeidsgruppa for samfunnsdelenmed visjon, hovudtema og målsettingar for kommuneplanen. Kulturhuset på Voss 16.mars 2018.

Fellessamling.Ungdomsråda.4.4  Ungdomsråda (Voss/Granvin) diskuterer visjonsar og satsingsområde for kommuneplanen for Voss herad. Yrkesfagskulen i Granvin 4.april 2018.