Fire millionar kroner til infrastruktur

Voss og Granvin får fire millionar kroner frå departementet til betra digital infrastruktur. Totalt delte kommunal og moderniseringsdepartementet ut 150 millionar kroner til vegar og digital infrastruktur til 41 kommunesamanslåingar.

 

Voss og Granvin er mellom dei kommunane som har fått pengar til infrastrukturtiltak i samband med kommunesamanslåing. Totalt har kommunal- og moderniseringsdepartementet delt ut 150 millionar kroner til 41 samanslåingar, som tel til saman 104 kommunar. Voss og Granvin får fire millionar. Midlane vil bli nytta til digital infrastruktur i den nye kommunen. Mellom anna er det trong for å oppgradera nettverk og utstyr for velverdsteknologi både i Voss og Granvin. Det er også trong for å homogenisera trådlaust nettverksutstyr i Granvin, og fornya forsyning, fiber og utstyr til infrastruktur i Granvin. Midlane vil også bli brukt til digitalisering av papirarkiva for begge kommunane, og til noko ny programvare innan e-Byggesak og digitale tenester for eigedomsinformasjon.Voss og Granvin søkte om fem millionar kroner, og fekk altså fire millionar frå departementet.