I mellombels fellesnemnd fredag 25. august var det stor semje om at den nye kommunen skal heita Voss herad. Ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum, tykkjer namnet kling godt, og understreka at framlegget ikkje kom frå Granvin.Andre oppfatta dette som ein fin gest frå Voss i samanslåinga. 

Innstillinga går no vidare til eit felles kommunestyremøte onsdag 30. august, som i sin tur gir innstilling til dei to kommunestyra som i sin tur skal vedta etablering av ny kommune og oppfylging av intensjonavtala mellom dei to kommunane. Mellom anna med namnet som  punkt 1 i innstillinga.