Ingebjørg Winjum og Hans-Erik Ringkjøb orienterte om val av rekrutteringsbyrå

Partssamansett utval og Fellesnemnda vart orientert om  valet av rekrutteringsselskap i møte fredag. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb presiserte at avtala med selskapet ikkje vert signert før klagefristen er ute. Oppdraget har vore på anbod, der to selskap leverte tilbod. 

Mercuri Urval vil møta Fellesnemnda neste veke for å orientera om arbeidet med å rekruttera prosjektleiar, og for å ta i mot signal om kva krav ein skal setja til vedkommande som skal rekrutterast. Stillinga fin du ved å klikka her. 

I løpet av møta fekk dei to utvala også orientering om status for mandata i dei administrative arbeidsgruppene, at Eldbjørg Lie Jørgensen er tilsett som prosjektmedarbeidar og at Reidar Mehl er tilsett som kommuneplankoordinator.