I arbeidgruppa sit ordførar Ingebjørg Winjum (V) og Annlaug Haugse Såkvitne (Sp) frå Granvin. Frå Voss, ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap), Bjørg Djukastein (Ap) og Sigbjørn Hauge (Sp). Leiar for gruppa er Ingebjørg Winjum. 

I den vedteke Intensjonsavtala mellom Granvin og Voss har ein sagt dette om den politiske organiseringa av Nye Voss: Det skal sikrast at den nye kommunen har god demokratisk styring og representasjon. Kommunestyret skal ha 43 medlemmer for å sikre  representasjon frå alle deler av kommunen. Den nye kommunen skal vere organisert etter formannskapsmodellen med 9 medlemar i formannskapet. Ytterlegare politisk organisering er opp til det nye kommunestyret å avgjera.  Vidare har begge kommunestyra delegert til fellesnemnda å utarbeida den politiske organiseringa av den nye kommunen. Den overordna politiske og administrative organisasjonstrukturen er planlagt vedtatt i august 2018. 

Den politiske arbeidsgruppa skal innstille til fellesnemnda og må:
1. Vurdere dei ulike modellane for politisk organisering og koma med framlegg til politisk organisasjonsmodell for Nye Voss.
2. Arbeidsgruppa må også vurdera målet om gjennomgåande representasjon og ynskje om utvalsplass for alle kommunestyrerepresentantane.
3. Arbeidsgruppa må utarbeide reglement for kommunestyret til Nye Voss. 
4. Ein må også i samband med organisasjonsmodellen konkret vurdere kva for mynde ein ynskjer å gje dei ulike utvala og utarbeide reglement for desse. Ein kan gje utvala anten vedtaksmynde, innstillingrett eller utgreiingsoppgåver.