No har han tinga seg elbil, og tek til å pendla til Voss. Jobben er å koordinera arbeidet med kommuneplanen, både samfunnsdelen og arealdelen, til den nye kommunen, Voss herad. Det inneber mykje involvering av både Voss og Granvin i tida som kjem. – Prosessen er viktig, alle må kjenna at dei er med på dette. Det er spennande å få ta del i dette arbeidet, seier Reidar Meel. Han deler kontor med Gunnar Bergo på Voss tinghus.

Frå før er Eldbjørg Lie Jørgensen tilsett som prosjektmedarbeidar for kommunesamanslåinga.