Prosjektleiar/rådmann er tilsett

Arild M. Steine (Foto: Kvam herad) vert prosjektleiar/rådmann for nye Voss herad

 

Fellesnemnda gjennomførte tysdag 28.november finalerunden med aktuelle kandidatar til jobben som prosjektleiar/rådmann for nye Voss herad. Prosessen enda med at nemnda innstilte Arild M. Steine til jobben.

Arild M. Steine er i dag tilsett som rådmann i nabokommunen vår Kvam, ei rolle han har hatt sidan 2011. Arild har solid kommunal erfaring, han kan dokumentera resultat og er klar for å bygga den nye kommunen Voss herad.

For fellesnemnda har det vore viktig å finna ein kandidat som kan vera samarbeidsorientert, løysingsfokusert og samlande, og fellesnemnda meiner at Arild M. Steine har alle desse kvalitetane.

Arild M. Steine har takka ja til stillinga.

«Me gratulerer og ønskjer Arild velkomen til oss», seier leiar i fellesnemnda, Hans-Erik Ringkjøb.

«Eg gler meg veldig, er svært motivert for jobben, og ser fram til å bli kjent med mange nye medarbeidarar», seier Arild M. Steine.