Ny satsing på digitalisering

Fredag 15.12.17 vedtok Fellesnemnda digitaliseringsstrategien for Nye Voss.

Digitalisering vil i framtida skape nye måtar å levere og tilby offentlege tenester på, og vil vere ei viktig drivkraft for å forenkle og forbetre offentleg sektor. KS har utarbeidd ein digitaliseringsstrategi for kommunar og fylkeskommunar, og har sendt ein invitasjon til alle medlemmar om å delta i ei finansieringsordning for eit digitaliseringsprosjekt. Formålet med ordninga er å utvikle felles digitale løysingar for kommunal sektor. Ved å delta i ordninga vil ein få tilgang til alle løysingar som vert utvikla gjennom ordninga. Deltar ein ikkje i finansieringa får ein heller ikkje tilgang til produkt som vert utvikla.

For å etablera ordninga, og for å utløyse midlane frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet, er det nødvendig at ein reiser tilstrekkeleg kapital. I fyrste omgang inviterer KS alle kommunar om å delta med eit eingongsbeløp på tjue kroner per innbyggjar og fylkeskommunen med fem kroner pr. innbyggjar. Om alle kommunar og fylkeskommunar vert med, vil ordninga disponere ca. 250 millionar kroner. For Nye Voss vil kostnaden verte om lag 300 000 kroner.

Fredag 15.12.17 vedtok Nye Voss å bidra med denne eingongssummen, og vil dermed få tilgang til alle løysingane som vert utvikla gjennom ordninga framover.

Klikk her for å lesa heile saka.