Felles møte om kommuneplan

Korleis skal Voss herad vera? I løpet av ein dag med idemyldring har politikarane i Voss kommune og Granvin heradsstyre gitt sine første innspel for korleis det nye heradet skal vera i framtida.

 

Arbeidet med den komande kommuneplanen for Voss herad er i startfasen, og det er opna for innspel til arealdelen, som skal seia noko om kva dei ulike delane av den nye kommunen skal brukast til. Seinare skal det også opnast for innspel til samfunnsdelen av planen. Kommuneplanen for Voss herad skal vedtakast av heradsstyret i Voss herad i 2020, og det skal gjerast eit stort arbeid med å utarbeida planen før den tid. I samband med dette vart både Voss kommunestyre og heradsstyret i Granvin invitert til å delta på ein heilt dag med idemyldring, der politikarane, saman med tillitsvalde og hovudverneombod, gruppevis diskuterte ei rekkje tema som er sentrale i den komande kommuneplanen. Fokusområda var verdiar, visjon og identitet, kommunen som organisasjon, kommunale  tenester, senterstruktur og lokalsentra, sentrumsutvikling, folkevekst og bustadutvikling, innovasjon og utvikling, det grøne skiftet, samfunnstryggleik, samfunnstryggleik og digitalisering. Oppsummeringane frå dagen blir no tatt med vidare i arbeidet med kommuneplanen for den nye kommunen.