Fellesnemnda på Hardingtinget

Fellesnemnda for Voss herad 2020 var torsdag på Hardingting i Lofthus, saman med medlemene i Hardangerrådet.

 

Her vart det diskutert det framtidige regionsamarbeidet, der eitt av spørsmåla er utviding av regionsamarbeidet. Under møtet vart ein rapport om vegen vidare for regionsamarbeidet presentert. No skal kommune- og heradsstyra i kommunane i Hardangerrådet handsama rapporten, og koma med sine tilrådingar innan sommaren.