Me er godt nøgde med arbeidet som er gjort i arbeidsgruppene så langt, og planlegg no ei ny fellessamling for alle deltakarar i prosjektgruppene i helse og omsorg, 25. april 2018. 

Medlemene i overordna prosjektgruppe er;

  • Anne Berit Himle (Voss, tillitsvalt)
  • Jenny Kjerland (Granvin, tillitsvalt)
  • Trude Kvarekval Lydvo (Voss, hovudverneombod)
  • Kjersti Nordanger (Voss, kommunalsjef helse og omsorg)
  • Magnhild Grønningsæter (Granvin, helse- og omsorgsleiar)
  • Liv Myklebust (Voss, strategi- og økonomileiar)
  • Ingrid H. Rabben (Voss, kvalitet- og samhandlingskoordinator)

Prosjektleiar for helse og omsorg er Kjersti Nordanger.

Prosjektgruppa ser fram til det vidare arbeidet med å utvikla ein ny kommune, og tar gjerne i mot innspel frå deg om kva som er viktig i prosessen framover.