Ny arbeidsgjevar for alle tilsette

Når Granvin og Voss slår seg saman 1. januar 2020,  opphøyrer Granvin herad og Voss kommune å eksistera og Voss herad blir ein realitet. Det betyr at dei kommunalt tilsette i Granvin og Voss får ny arbeidsgjevar.

Mange kommunalt tilsette vil merka lite til dette i sitt daglege arbeid, men for nokon vil forandringa bli betydeleg. Ein omstillingsavtale skal sikra ein føreseieleg og transparent omstillingsprosess for tilsette, klargjera rettar og plikter for partane og skapa ei felles plattform og spelereglar for kommunesamanslåinga.

Avtalen skal sikra medverknad og god samhandling i omstillingsprosessane, og slik leggje grunnlag for tillit og forståing mellom partane. Som grunnlag for god medverknad skal tilsette gjennom heile prosessen få god informasjon frå både leiing og tillitsvalde.

Intensjonsavtalen for samanslåing av Granvin og Voss slår fast at ingen skal mista jobben som følge av kommunesamanslåinga. Arbeidskontrakten som dei tilsette har frå sin gamle kommune vert overført til Voss herad.  Dei tilsette får òg med seg blant anna løn, opparbeidd ferie og ansiennitet.

Arbeidsgjevar i Voss kommune og Granvin herad representert ved rådmenn i begge kommunane, samt påtroppande rådmann i Voss herad, og dei tilsette sine representantar i begge kommunane; representert ved hovudsamanslutningane, signerte i førre veka omstillingsavtalen

Tilsette sine rettar

Rettane til tilsette er i utgangspunktet knytt til lov- og avtaleverk. I tillegg vert fylgjande presisert: 

  1. 1. Alle tilsette beheld si gjeldande lønsplassering, jf. arbeidsmiljølova §16-2. Ved eventuelt overgang til lågare løna stilling, beheld ein sin noverande lønsplassering som ei personleg ordning, jf. HTA kap. 1 §3.4.1. Funksjonstillegg, godtgjersle for særskilt arbeidstid og andre ulempetillegg fell bort dersom ulempa ikkje er knytt til ny stilling.
  2. 2. Rettane i høve Intensjonsavtalen gjeld i ein overgang fram til 31.12.21, og gjeld ikkje omstillings- og effektiviseringstiltak som ikkje kjem som fylgje av kommunesamanslåinga.
  3. 3. Arbeidstakar som takkar nei til tilvist stilling misser rettane sine etter denne avtalen.
  4. 4. Tilsette som på grunn av endra oppmøtestad må krysse gamal kommunegrense vil i perioden 01.01.20 – 31.12.22 årleg få dekka kr. 15 000, regulert etter stillingsstorleik og oppmøtestad.

Arbeidsgjevar skal i samråd med tillitsvalde så tidleg som mogleg identifisera kva for tilsette som vil verta omfatta av omstilling anten gjennom endra organisasjonsstruktur eller vesentleg endra arbeidsoppgåver. Når dette er gjort skal arbeidsgjevar kalla inn desse tilsette til samtale der ein gjev informasjon om konsekvensar av endringa, prosessen vidare og kartlegging av ynskjer og behov. Arbeidsgjevar informerer arbeidstakar om høvet til å ta med seg tillitsvald.

Omstillingsutval

Dei to kommunane har frå 01.02.18 etablert eit felles omstillingsutval. Omstillingsutvalet er det same som arbeidsgruppa for personale i samanslåingsprosjektet. I dette utvalet sit Solveig Reinsli frå Granvin, Mette Matthiessen frå Voss, Asbjørn Nilsen og Mari Mæland frå Fagforbundet og Anders Gjeraker frå Utdanningsforbundet. 

«Omstillingsutvalet innstiller til rådmannen eller den som har tilsetjingsmynde i kommunen der det er ledig stilling. Rådmannen konsulterer rådmannen i den andre kommunen, samt prosjektleiar når det er aktuelt, før avgjersle om lysing og tilsetjing skal fattast.»

Omstillingsutvalet skal i perioden fram til 31.12.19 vurdera alle ledige stillingar som blir direkte råka av verksemdsoverdraginga. Omstillingsutvalet skal vurdera om stillingane skal lysast ut internt i dei to kommunane eller eksternt. Målet er å hindra overtalige i 2020. Omstillingsutvalet innstiller til rådmannen eller den som har tilsetjingsmynde.