Oksenhalvøya inn i Voss herad

Oksenhalvøya, som i dag ligg i Ullensvang herad, vert ein del av Voss herad 1. januar 2020. Det har Fylkesmannen i Hordland bestemt.

 

Det var Oksen Grendalag som tok initiativ til ei justering av kommunegrensa mellom Ullensvang herad og Granvin herad, slik at Oksenhalvøya vert ein del av Granvin, og seinare Voss herad.

Oksehalvøya består av grendene Djønno og Tjoflot, og er eit område med fruktdyrking.

Innbyggjarane nyttar i dag ei rekkje kommunale tenester, som skule og barnehage, i Granvin. Saka om grensejustering har vore på høyring, der både Granvin herad og Ullensvang herad gav uttale der dei støtta framlegget om grensejustering.