I samband med kommunesamanslåinga av Granvin herad og Voss kommune vil det vere av interesse å kartleggje innbyggjarane sine meiningar om sentrale sider ved situasjonen i eigen kommune og utviklinga av denne fram til etablering og drift av Voss herad 2020. For å sjå utviklinga over tid i samband med kommunesamanslåinga er det viktig å gjere ei «null-punkt-undersøking» av dagens situasjon. Ein kan seinare gjennomføre undersøkinga på nytt for å samanlikne resultatet over tid.

Granvin herad og Voss kommune utfører kvar sin Lokaldemokratiundersøking. Begge med ein innbyggjardel og ein folkevald del. I undersøkinga svarar innbyggjarar og dei folkevalde i kommunestyret/ heradsstyret på 14 spørsmål om korleis dei oppfattar lokaldemokratiet i eigen kommune. Innbyggjarane svarar på spørsmål i telefonintervju. Eit representativt utval av innbyggjarane i kvar kommune vil verte kontakta pr. telefon av eit gallupbyrå for å svare på spørsmål. Det er viktig for kommunane at innbyggjarane tek seg tid til å svare på undersøkinga.

Folkevalde vil i tillegg svara på 29 spørsmål om arbeidet i kommunestyret, politisk kultur og arbeidsforhold. Her tilrår ein at folkevalde nyttar 30 minutt i eit kommunestyremøte til å få informasjon og å svare på spørsmåla. Dette vert gjort elektronisk. Spørsmåla som vert stilt til innbyggjarane og folkevalde dekker ulike sider ved eit godt lokaldemokrati:

  • Påliteleg styre
  • Ansvarleg styre
  • Borgarnært styre
  • Effektivt styre

Innbyggjardelen/ telefonintervjua, vert gjennomført i om lag same tidsrom som folkevalde gjennomgår si undersøking. I Granvin herad skal folkevalde ha si undersøking 2. mai 2018 og i Voss kommune 24. mai 2018. Dersom ein er trekt ut til å delta i telefonintervjua vil det vere naturleg at det skjer i dette tidsrommet.

Resultat

Etter undersøkinga presenterer KS ein rapport/ gjennomgang om resultata i kommunestyret og heradstyre. Resultata er offentlege, og vert publisert på KS si side for brukarundersøkingar betrekommune.no.

Viktig informasjon til folkevalde i Granvin herad og Voss kommune:

KS vil sende ein link til den enkelte folkevalde på e-post, morgonen same dag som herad-/ kommunestyret har møte. Kontaktperson i kommunen vil også motta ekstra påloggings-ID til bruk dersom kommunestyremedlemmer ikkje har mottatt, eller av anna grunn ikkje har link.