Administrativ organisering av Voss herad

Korleis me vel å organisera den administrative delen av Voss herad er viktig for å skapa ein effektiv organisasjon og ein viktig del av heile organisasjonsutviklinga.

Administrativ_organisering_av_Voss_herad__høyringsutkast.pdf

Det er mange omsyn ein skal ta når ein organiserer ein kommune. Det er i dagens to kommunar ulike måtar å organisere leiings- og fullmaktsnivåa. Det som no skal avgjerast er organiseringa av det øvste leiings-  og fullmaktsnivået i den nye kommunen og kva fagområde som skal ligga til desse.

Høyringsframlegget tar utgangspunkt i ein del målsetjingar og utfordringsbiletet for organisasjonen når det vert argumentert for organisatoriske endringar. Utgangspunktet har vore slik Voss kommune er organisert i dag.  Dei viktigaste endringane vil skje i stabs- og støttefunksjonane for å få ein betre samanheng mellom plan og handling, og eit større strategisk heilskapsfokus.

Tillitsvalte, vernetenesta, leiarar og tilsette i Voss kommune og Granvin herad vert med dette invitert til å komma med høyringssvar innan 24. mai. 

Innspel skal sendast prosjektleiar Arild M. Steine på e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.