Prosjektleiar Arild M. Steine har no laga det overordna organisasjonskartet for Voss herad. Som grunnlag for dette har han også skrive eit visjonsdokument som fortel mykje om korleis den nye kommunen skal byggja ein god kultur for meistring og kontinuerleg forbetring. Målet er at det skal vera ein god plass å jobba, og at det skal gje innbyggjarane endå betre tenester. Klikk her for å lesa om tankane og visjonane for Voss herad.