Nye Voss

Fellesnemnda vedtok 15.12.2017 å starta opp arbeidet med kommuneplan 2020-2031 for Nye Voss (Voss herad). Me opnar no for innspel til samfunnsdelen og arealdelen av kommuneplanen i perioden 6. januar 2018 til og med 6.april 2018.

 

Alle kan koma med innspel til kommuneplanen, både til samfunnsdelen og til arealdelen.

Innspela til kommuneplanen sin samfunnsdel

Innspela til samfunnsdelen vert vurdert fagleg av administrasjonen, og arbeidsgruppa som er sett ned for å arbeida med samfunnsdelen. Innspelet vert registrert på kommuneplansaka i den offentlege postjournalen. Det vert ikkje gjeve noko tilbakemelding på sjølve innspelet.

Framgangsmåte – innsending på e-post

Det er ikkje laga noko eige skjema for innsending av innspel på kommuneplanen sin samfunnsdel. Du sender innspelet ditt på e-post  til: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Innspel til kommuneplanen sin arealdel

Innspela til arealdelen vert vurdert fagleg av administrasjonen, og av ei arbeidsgruppe som fellesnemnda har sett ned. Ikkje alle innspela vert tekne med vidare, men alle får ei fagleg vurdering. Til slutt vert det ei politisk vurdering av dei innspela ein har valt å gå vidare med. Det er Voss heradsstyre som skal vedta endeleg kommuneplan i 2020.

Framgangsmåte:

Det er utarbeidd eit eige skjema som du må nytta når du sender inn eit innspel til arealdelen i kommuneplanen. I tillegg må du leggja ved kart.

Skjemaet finn du i menyen til høgre på denne sida. Du kan òg få det ved å ta kontakt med servicetorget i Voss kommune, eller tenestetorget i Granvin herad. Dei vil også skriva ut kart  til deg over område som er aktuelt -  i målestokk 1:50 000 og 1:5 000. Du må avgrensa område så presist du kan som polygon, ikkje som sirkel – på detaljkartet.

For Voss kommune:

Skjema og kart leverer du i servicetorget på tinghuset på Voss.

For Granvin herad:

Skjema og kart leverer du i tenestetorget på heradshuset i Granvin.

For del av Oksenhalvøya som vil bli inkludert i Voss herad:

Skjema og kart leverer du i tenestetorget på heradshuset i Granvin.

Dersom du ynskjer det kan du som eit alternativ skriva ut skjema frå www.nyevoss.no – henta kart frå www.voss.kommune.no eller www.granvin.kommune.no.

Skjemaet fyller du ut og sender dette saman med påteikna kart til kommunane sine postmottak: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Frist for innlevering er: fredag 6. april 2018.