Fyrste spadetak mot nye Voss

Det var god stemning under Voss og Granvin sitt felles formannskapsmøte på Voss torsdag 2. februar. Møtet markerte på mange måtar starten på den store prosessen som skal munna ut i ein ny kommune som skal vera i full drift 1. januar 2020.

 

Dei to kommunane Granvin og Voss skal formelt leggast ned, og ein ny kommune skal byggjast, med det beste frå både Voss og Granvin. Det neste som no skjer er at kommunestyret i Granvin (15. februar) og Voss (16. februar) gjer vedtak om å oppnemna fellesnemnda, som skal vera øvste organ i samanslåingsprosessen. 

Til dette møtet har rådmann Einar Hauge i Voss og rådmann Trude H. Letnes i Granvin herad skrive eit større notat om kommunesamanslåinga, der dei tek for seg mellom anna både bakgrunn for kommunestrukturen, prosjektorganisasjon og dei ulike rollene til dei ulike aktørane som skal delta i arbeidet med å byggja ein ny kommune. Notatet er tenkt som grunnlag for diskusjon i det felles formannsakpsmøtet. Notatet finn du ved å klikka her, eller i menyen til høgre.