Fellesnemnda vil også handsama eit sett av prinsipp for arbeidet med innspela til arealdelen. Dei innspela som ikkje kjem inn under kriteria vil bli lagt til sides. Det vil bli gitt ei tilbakemelding til dei som har sendt inn desse innspela. Avslaget er ikkje eit enkeltvedtak, og kan ikkje påklagast etter reglane i forvaltningslova. Innspela vil likevel liggja på kommuneplansaka. Me vil gje ei tilbakemedling om til dei som får avslag  inngan utgangen av oktober.

Andre innspel vil gå vidare til  ei verdivurdering/konsekvensvurdering, og vil  gjennomgå ein ROS-analyse. Arbeidet med arealdelen vil halda fram utover hausten og første del av 2019. Målet er at samla kommuneplan (samfunnsdel og arealdel) skal leggast ut på høyring 1.9.2019 til 1.11.2019.

Ut over dei innspela som er komne inn frå innbyggjarane vil arbeidsgruppa jobba med senterstrukturane for nærsentra og lokalsentra. Bolstad, Evanger,Vinje,Skulestadmoen,Palmafossen, Bjørgum og Granvin er aktuelle senter. Dette arbeidet vil gjelda avgrensing av sentra (kart), og funksjonar knytta til sentra vil bli gjennomgått. Regionsenteret Vossevangen vert vurdert i samband med sentrumsplanen. Ut over dette vil arbeidsgruppa sjå på andre aktuelle arealbehov for det nye heradet. Det vil også bli gjennomført ein bustadanalyse som grunnlag for arbeidet med arealdelen.I tillegg vil føresegner og retningsliner bli gjennomgått og vurdert.