Står du i manntalet?

Valdagen er måndag 9. september, med høve til førehandsrøysting frå 12/8. 

For å kunne røysta må du stå i manntalet.  Manntalet er sett opp på grunnlag av folkeregisteret 30. juni d.å.  D.v.s. at den som melder flytting seinare enn 30. juni  vert ståande i manntalet i den valkrinsen og den kommunen vedkomande flyttar frå.

Manntalet ligg no ute til offentleg ettersyn fram til valdagen på

                        Servicetorget, Tinghuset i opningstida

Veljarane vil og få tilsendt valkort med opplysningar om røystestad og opningstider.

Sjekk om du står i manntalet.  Du kan og ringja kommunen, tlf. 56 51 94 00 for å sjekka dette. Evt. merknader og klager må sendast skriftleg til Valstyret i Voss, pr epost   eller brev til Postboks 145, 5701  VOSS

Klager som vert tekne til fylgje vert retta opp i manntalet heilt fram mot valdagen.