Vandrekart for Voss Resort

Om du lurar på kvar du skal gå tur i helga, så kan me tipsa om 10 flotte turar med start på Hangurstoppen! Me har laga vandrekart for Voss Resort med turbeskrivingar og nyttig info.

Kartet er trykt i hendig lommeformat og er å få på Turistinformasjonen og hjå Voss Gondol. Logolink har gjennom åra laga mange ulike typar kart, som løypekart for Voss Resort, Myrkdalen og Folgefonna Sommarskisenter. Me lagar også forenkla kart for mindre område, temakart osv. Sjølv om GPS på mobilen ofte erstattar kart på papir, så er gode vandrekart uvurderlege. Og på informasjonsskilt er det ofte kartet som er det aller viktigaste.

Me brukar resirkulert og miljøsertifisert papir, og med digitaltrykk kan du få produsert trykksaker i små opplag og i akkurat passe mengd for ditt prosjekt – Bra for miljøet!

Design & print: Logolink AS. Foto: Hunnålvatn Media 

  • Vandrekart front
  • Vandrekart bakside
  • kart
  • kart2
  • Vandrekart front
  • Vandrekart bakside
  • kart
  • kart2

Følg oss!

Sjå fleire blogginnlegg frå ditt reklamebyrå på Voss